Arkivert artikkel!

Artikkelen er ikke lenger aktiv og innholdet kan derfor være utdatert.

Vik turlag er 20 år - bli med til Gunnarsete!

Utsiktspunkt på Gunnarsetestien
Utsiktspunkt på Gunnarsetestien Foto: Karen Weichert

Vik turlag er 20 år! Dette vil me markere søndag 20. juni i samband med avslutning av prosjektet "På tur til Gunnarsete"  og offisiell igjenopning av stien til Gunnarsete etter oppgraderinga.

Håpar mange vil feire jubileet i lag med oss med ein tur til Gunnarsete. Det blir ikkje fellestur, men ein kan gå turen i tidsrommet kl 11-15. Vik turlag har ulike aktivitetar langs stien. Les meir på arrangementsida!

Skrevet av Karen Weichert 6. juni 2021